Steffen Mork nummer 11 i sprint-prolog i Midt-Norsk

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2022

Diverre utan deltaking frå Velledalen IL, men vi fann namnet Steffen Mork, Emblem IL, i resultatlista. Og Steffen har masse slekt i Velledalen. Far til Steffen, Stian, er syskjenborn med Irene Mork, som i går var i aksjon for Velledalen IL under vinterkarusellen i Ålesund. Og endå viktigare; Stian vart to gonger KM-vinnar i langrenn for Velledalen IL på 1990-talet. Den gongen han budde på Erstad-bakkane og Velledalen IL hadde eit knippe gode løparar i karar som Stian Mork, Sætre-brødrene på Ikornnes, Ole Johnny Myrseth, Njål Tyssing, Frank Hole og Ole Petter Lødøen…..og kanskje enno fleire. Av VIL sine utøvarar anno 2022, er det O-gruppa som plar ha deltaking i Midt-Norsk. For dei som hugsar tilbake til 2021 – deltaking med knallsuksess, både individuelt og i lagkonkurranse.

I går var det ski-sprint under Midt-Norsk i Molde. Prolog-tidene i klasse G 13 viser at trøndarane dominerer. Her er nokre av tidene:
 1. Sondre Stenseth, Byåsen IL, 1.50
 2. Magnus Dalen Nordberg, Vinne Skilag, 1.53
 3. Odin Gustavsen Belsvik, Rognes IL, 1.56
 4. Jakob Sætten, MOI, 1.59 – best frå Møre og Romsdal
11. Steffen Mork, Emblem IL, 2.10 – best frå Sunnmøre