Futsal EM
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Des 2017
Organiseringa rundt EM for kvinner og U21 har dessverre vore sterkt prega av uroen i Spania og Catalonia. Lloret de Mare som er vertsby liknar for tida mest ein spøkelsesby der alt av hotell, restaurantar og andre attraksjonar er stengt. Temperaturen her varierer frå 4 grader til 15 midt på dag.
Med i EM er Russland, Belgia, Noreg og Catalonia. Så diverre blir det få landskampar, men Russland og Belgia held eit bra nivå. Catalonia er eit sorgens kapittel. Eigentleg skulle vi måndag spele opningskamp mot Catalonia, men kampen vart utsett på grunn av at Catalonia berre hadde tre spelarar klare ved kampstart. Vi fekk tilbud om å ta sigeren, men sidan vi ynskjer å få spelt mest mulig futsal medan vi er her, gjekk vi med på å utsette kampen. Catalonia har til no fått bank av Russland 39-0 og Belgia 35-0.
I dag skal vi spele ein cupkamp mot eit russisk klubblag, som altså blir som ein treningskamp for oss å rekne og ikkje ein EM-kamp.
Kampen mot Belgia vart i stor grad avgjort på grunn av reglementet brukt i denne turneringa. Vi spelar med originale futsal-reglar frå 1930, med blant anna innkast, hjørnekast og lovleg med sklitaklingar. Å stå tøft i rygg derimot viste seg å vere lite populært blant dommarane, og vi fekk raskt fem frispark mot oss. Dette resulterte i at kvart frispark til Belgia resten av omgangen vart straffespark, noko dei utnytta godt. Vi fekk omstilt oss godt til 2.omg, laga færre frispark og vi køyrde kampen. Dessverre utan utelling, og kampen enda med 3-2 siger til Belgia.
Etter kampen mot Belgia i går reiste vi til Barcelona, der vi fekk med oss Campions League-kampen Barcelona-Sporting CP. Ikkje ein storkamp, men kjekt å få oppleve stemninga på stadioen!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024