FUTSAL-EM: Norge-Belgia 2-3 (2-3)
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2017
Belgia gjekk tidleg opp i 1-0
mot eit norsk lag som la seg lågt i bana. Men to fine kontringsmål snudde
kampen til 2-1 i norsk favør. No er reglane i internasjonal futsal ganske ulike
dei norske, noko som gjorde at norske debutantar drog på seg tre straffespark i
siste del av omgangen. Reglane seier at etter fem frisprak mot – uansett kvar
det er på bana – vert alle etterfylgjande frispark gjort om til straffespark
frå ni meter. Belgia fekk tre slike og sette to av dei i nota. Norge fekk eitt,
som vart redda av Belgia sin målvakt.
I andre omgang la Belgia
seg lågare med laget, og skapte lite offensivt. Norge hadde mest av spelet, og
ein megasjanse til 3-3 mot slutten av kampen, men ein forsvarar redda på
streken bak utspela keeper.
Velledalen IL sin spelande
representant, Ellen Marie Hole, har sendt fylgjande korte melding til VIL-Nett:
- Veldig kjipt! Dei
datt som fluger og frisparka avgjorde!
I kveld er det norske
laget på Camp Nou, der dei skal sjå Barcelona – Sporting Lisboa i Champions
League. Truleg ei større oppleving enn å vinne 2-1 i spelemål over Belgia.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024