9.august ropar vi av full hals: Heia Karsten!
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2017
Vi skal drygt ti år
tilbake i tid, til februar 2007. Arena er Sykkylven Storhall. Ein av dei som
stakk seg skikkeleg fram under innandørsstemnet der var Karsten Warholm, utøvar
i klasse G 11 år. På biletet ser vi Karsten saman med mannen som trena han i ei
årrekkje; Arve Hatløy.
Så kan vi spørje: Var
Karsten god som 11-åring…?
Og vi gir deg svaret ved å
referere frå resultatlista.
G 11 år 40 meter:
1.
Kasten Warholm, Dimna IL, 6.09
2.
Andremann kom inn på 6.79
G 11 år høgde:
1.
Karsten Warholm, Dimna, IL 1.25 m
2.
Andremann hoppa 1.10 m
G 11 år lengde:
1.
Karsten Warholm, Dimna IL 4.94 m
2.
Andremann hoppa 3.61 m.
Med andre ord; alt for ti
år sidan kunne ein ane at guten KUNNE drive det langt. Frå dette stemnet i
Sykkylven Storhall til finalen på 400 meter hekk i London-VM den 9.august 2017,
ligg det ti og eit halvt år i tid. År med beinhard jobbing. Ingen må tru noko
anna. Vi unner Karsten suksess, og ditto til alle som har hatt ein finger med
på den lange ferda.
Reis deg gjerne frå sofaen
i morgon kveld kring klokka 22.30.
Brøl om du vil av full hals. Karsten Warholm,
Dimna IL, har fortent nettopp det. I morgon kveld kan han vere best i verda! I
ei krevjande øving som 400 meter hekk! INGEN trudde det i Sykkylven storhall i
februar 2007. Ingen våga i alle fall seie det høgt. No er den då spebygde guten
vaksen.
Sjå han flyge over hekkane i
VM-finalen i London og høyr kommentatorane Vebjørn Rodal og Jann Post vrengje
røysta – anten i smerte eller triumf…….
Måtte det bli det siste!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024