HURRA – DET VART SPELEMIDLAR TIL O-GRUPPA!
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2017
Det er prosjektet kring
kartet som til dagleg vert kalla Myrdalskartet, som no har fått tippemidlar.
Prosjektet hadde ein godkjend kostnad på 138 000 kroner. Innstillinga
lydde på 69 000 kroner i tippemidlar, som altså vart innvilga. Kring
tredjeparten, av om lag 90 søkjarar til såkalla næranlegg, fekk støtte i denne
omgang.
Som dei fleste veit vart
Gunnar Gytri frå Førde engasjert i 2016, og alt i 2017 hadde ein nok
kartmateriale til å arrangere KM-O-løp, mellomdistanse (21.mai), i samarbeid
med Emblem IL. Eit på alle måtar vellukka arrangement, og det største KM i
deltaking i Møre og Romsdal på denne sida av år 2000-talet.
Kulturavdelinga i
Sykkylven kommune skal ha sin del av æra, då dei gjennom gode råd og vink
rettleia O-gruppa gjennom søknadsarbeidet. Takk til Lars Petter!
I dag er gleda stor, over positiv respons på
fyrste forsøk, både i O-gruppa og Velledalen IL generelt. VIL-Nett finn det
naturleg å gratulere O-gruppa, og alle som brenn for denne fine idretten, med fortente
spelemidlar som gjer at utviklinga kring kartarbeidet kan halde fram!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024