Vasalopp nummer ti 10 for Svein
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mar 2017
arkivfoto
Sundag 5.mars går Svein
Arne Nakken sine 90 km på ski frå Sälen til Mora i Sverige for tiande gong.
Starten går klokka 08.00 om morgonen, på ein dag der Svein er oppe 04.00. Han
har vore gjennom dette mange gonger tidlegare, og veit såleis at han greier det
– under normale omstende der kroppen er frisk og skia rimeleg gode. Men han
stiller likevel krav til seg sjølv, og førebuingane kunne sjølvsagt vore meir
optimale i ein snøfattig vinter.
- Vi kan seie det
slik: Forma er god frå skuldrane og ned. Det har vore hektisk på jobb siste
tida så eg føler meg ikkje trygg på at «haudet» heng heilt med. Hovudmålet er å
sprengje fem timars grensa, som berre er mogleg om føret vert bra. Det har eg
nemleg gjort berre ein gong tidlegare, seier Svein til VIL-Nett før avreisa.
Slik gjekk det i 2016:
4.08.00: John Kristian
Dahl, rennvinnar
4.20.40: Knut Anders
Hatlen, Stranda IL, - nr. 138
5.04.34: Svein Arne
Nakken, Velledalen IL – nr. 998
5.33.08: Fridtjof
Fredriksen, Sykkylven IL – nr 1913
Rennet plar samle kring 15 000
påmelde. Svein vil helst sjå 4-talet fyrst i slutt-tida, og vi tippar han har
som mål å halde seg inne mellom dei 1000 beste. Starten er altså 08.00 for
heile feltet, med vår mann i pulje 2 – ein gunstig startposisjon for eit godt resultat
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024