Hopp-jubileum: 21.januar 1967 var dagen
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jan 2017
50 år er lang tid. Slik ser
Ja, tidene endrar seg. I
Velledalen har vi ikkje sett ein skihoppar sidan Tommy Lianes var her og delte
ut premiar under MiniKonrad for nokre år sidan. Då hadde Lianes frå Stordal IL nettopp hoppa 217 meter i
Vikersund.
Men tilbake til Velledalen
og farne tider. På 1960-talet arrangerte Velledalen IL to storrenn i
Brunstadbakken. Begge med deltaking av dåtidas elitehopparar. Men då laget
samstundes med siste storrennet i Brunstadbakken starta opp med barneidrett (i
1965), vart Brunstadbakken «skrota». Truleg var den FOR STOR.
Det nye «sentralanlegget»
for Velledalen IL vart no plassert i Holemarka. Her var det positive
grunneigarar, og på kort tid kom lysløype for langrenn, alpintrasé med ljos og
nye hoppbakkar. Rett nok «primitive anlegg» etter notida sine krav.
Iveren var stor i heile dalen, snøen lava jamnleg
ned, og i 1967 hadde laget blitt tildelt to store arrangement. Områderenn i
hopp laurdag 21. januar, og KM i langrenn sundag 22.januar.
HOPPRENNET 21.JANUAR 1967:
35 hopparar på
resultatlista – 9 av desse representerte Velledalen IL. Slik gjekk det med
våre:
G 10 år:
Hans Olav Drabløs nr 4 – 8,7 poeng bak vinnar Helge Førde, Langevåg
G 11 år:
Ei
rein velledals-klasse, med Leiv Alnes som vinnar fire poeng føre Ole Jostein
Fet. Elles deltok Knut Hjorthol, Odd Harald Hovde og Jan Egil Fossum.
G 14 år:
Helge Drabløs nummer seks og Jarle Lade nummer sju i ei jamn klasse. Helge
berre 5,5 poeng bak vinnaren Egil Grindvik, Skodje IL.
G 15 år
: Per
Hole nummer tre – Ole Kristian Hjellegjerde, Sykkylven IL klassevinnar.
Deltakande klubbar i rennet:
Liabygda IL, Stranda IL,
Sykkylven IL, Langevåg IL, Skodje IL og Velledalen IL
Gratulerer Leiv, håper
nokon sopar i hop ei kake til deg. Dette fortener faktisk litt feiring!!
Helsing Atle – som var i
aksjon dagen etter, 22. januar 1967.
PS. Om nokon hadde hatt
foto frå rennet hadde det vore gildt.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024