2220 grasrotkroner i november
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2012
Vi tippar kasserar Asgeir Rausand er ein nøgd mann om dagen. Rett nok har det nyleg gått 50 000 kroner ut til den nye lysløypa på fjellet, men det sig inn att, heldigvis.
Etter månadane september, oktober og november har kasseraren 7643 kroner på bok i Norsk Tipping. Saman med grasrotpengane for desember, vert summen betalt ut tidleg på nyåret.
Kjempestor takk til alle spelarane våre – no 80 i talet!
Summen i november vart på kr 2220,- Litt svakare enn november 2011, men likevel eit godt resultat. Og som tidlegare meldt har vi alt sett ny årsrekord.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024