Topp-10 trimpostar: Seks poeng skilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2012
I dag gratulerer vi Odd-Kåre Fet. Han stiva naboen Astrid L Drabløs med seks poeng, og vart dermed nummer ni samanlagt i trimåret 2011/2012. Ein sterk prestasjon av 70-åringen.
Grunnlaget for 9.plassen vart lagt gjennom 320 turar til posten Skogsvegen Fet. Dette gav åleine 1280 poeng. Vidare har han tre turar til Brunstadsætra og to turar til Vellesætra, slik at samla poengfangst vart 1306.
Topp-10 trimåret 2011/2012:
9. Odd-Kåre Fet 1306 poeng
10. Astrid L. Drabløs 1300 poeng
Førebels er det reint bord til Fet-folket. Kan den gode trenden halde fram…?
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024