1300 POENG GRENSA FOR TOPP-10 PLASSERING
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2012
Som lesar vil du ikkje få eit nytt namn kvar dag, men i god tid før julematen glir ned skal du vite alle resultata. Det er eit omfattande arbeid som ligg bak denne lista. Trimgruppa må saumfare alle bøker, og finne om eksempelvis Ivar Flo – som er ekspert på posten Dammen Riksheimdalen – skulle ha ein turslengjar på ein annan post. Her tel nemleg alle poeng, så det skal svært lite til før det glepp.
Difor er heilt sikkert trimgruppa (kontakt Nils Terje Skylstad) takksam om det vert meldt frå om eventuelle feil.
På Fet er eit godt turmiljø, og rikt høve til å gå i trygge rammer. I dag gratulerer vi Astrid L. Drabløs med flott tiandeplass og 1300 gilde poeng. Trimgruppa sin statistikk seier at Astrid har gått imponerande 324 turar til posten Skogsvegen Fet + ein slengjar på Brunstadsætra. Og vi berre nemner det, for 15 år sidan kunne ein kjempe om pallplassane med Astrid sin poengsum. GRATULERER!
10. Astrid L. Drabløs 1300 poeng
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024