Fotballgodbit i 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2012
Hadde eksempelvis unge Hjelseth - då han la opp som alpinist og «satsa» på fotball – trudd at han nokon gong skulle kome til å møte onkelen, Ole A. Ringdal, til seriekamp i same divisjon…? Neppe.
VRF møtte i si tid Sunnylven i same divisjon på 1990-talet. Den gongen var Sunnylven nokre hakk kvassare enn i dag og begge spela i dåverande 3. divisjon (øvste kretsserie for Sunnmøre). Men sykkylvsfotballen valde å slå seg saman…. for å bli betre… for mellom anna aldri å måtte møte Sunnylven fleire gonger til seriekamp. Difor vil turen til Hellesylt smerte sykkylvsfotballen i 2013.
No er det heller ikkje garantert at «Hjelsethane» møtest til edel kappestrid om poeng.
Mykje kan skje frå no fram til seriestart 2013. Stranda berga plassen i 3.divisjon og treng påfyll av spelarar. Det er venta at fleire frå FKS vil få tilbod derifrå. Mellom dei vi veit Stranda gjerne vil ha, er velledalingen Bengt Hole Alnes. Lovande 19-åring som kan spele både i angrep og forsvar, akkurat som onkelen, Bjarne. Han var i tillegg ein dugande målmann, eit felt Bengt førebels ikkje
har utforska. Men genane er tilstade i rikt mon, så kven veit….
Atle
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024