Ein fightar fyller 70
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Sep 2012
Personleg vart eg kjend med Odd Kåre det året eg byrja i VRF sitt A-lag som 17-åring. Og nettopp Odd Kåre skulle vise seg å bli ein god læremeister.
Under den fyrste sommartreningsleiren min med laget møtte vi Tornado til treningskamp på Refvik stadion. Eg spela back, og hadde Isak Arne Refvik som opp-passar. Refvik vart seinare krumtapp på Viking i mange sesongar, og proff i Scotland. Det skal ikkje stikkast under ein stol at eg hadde problem med denne Tornado-vingen. I pausa kom Odd Kåre bort til meg, og orda han sa hugsar eg som det skulle vore i går:
-
Viss du har problem skal du ikkje vere redd for å sakse han ned!
Det var gode ord og fin fullmakt og ha i bakhand frå ein driven klubbveteran. Odd Kåre vann seg ry for backspelet sitt – rettare sagt høgrebackspelet, som var hans plass. Med 2-talet på ryggen. Dette ryet kan stadfestast gjennom denne vesle historia:
For mange år sidan var eg ute på Emballasje og skulle kjøpe kopieringspapir til idrettslaget. Eg traff Petter Lyshol, som jobba der. Han ropte til meg:
-
Atle, du må kome hit og sjå om du kjenner denne karen.
Jau, eg kjende karen. Det var Asbjørn Mjelva, ein av dei beste på Åndalsnes sitt fotballag den tida dei var gode. Vi snakka litt fotball, og den tidlegare vingspelaren sa mellom anna:
-
Eg har vore med på mange tøffe kampar mot VRF. Eit lag som var vanskeleg å slå. Det eg likevel hugsar best med laget er den knallharde høgrebacken. Eg gledde meg aldri til å møte han.
Som sagt var Odd Kåre ein god mentor for oss yngre, vedkomande forsvarspel og haldningar. Han levde etter mottoet: Ein forsvarspelar skal setje seg i respekt i fyrste tacklinga i ein kamp. Og det fungerte – alltid!
Elles har Odd Kåre teke mange tak både i VRF og Velledalen IL. I VRF har han hatt dei fleste jobbar, men ikkje leiar. Særleg på den økonomiske sida har han gjort ein stor jobb. I VIL har han vore i Konradløpet sin faste stab, og han har vore tilretteleggjar og eksemplarisk grunneigar i samband med Fetvatnet Rundt. Saman med kona Grethe har han alltid hatt sansen for og halde den fysiske forma ved like. Idrettsmerkeprøver medrekna. På dette område er paret suverent beste i nedslagsfeltet. Grethe tek i år sitt merke nummer 47, Odd Kåre sitt 44. Tal det står stor respekt av.
Vi gratulerer ein fightar av rang med 70 års dagen!
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024