Hallo i nedslagsfeltet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Sep 2012
Linja eg har valt heiter Bratt Friluftsliv – Himalaya, og inneheld både paragliding, kajakk, brevandring, downhill-sykling, skikøyring, toppturar og alle typar klatring. I tillegg kan vi velje mellom veldig mange forskjellige valfag. Etter nyttår går turen til Alpane for å renne på ski, medan i mars ventar årets høgdepunkt – ein tur til Himalaya der vi mellom anna skal besøke Mount Everest Basecamp og treffe lokalbefolkninga i Nepal. Med andre ord står eg framføre eit år der både utfordringar og spennande opplevingar kjem på rullande band! Og alle desse opplevingane skal eg sjølvsagt dele med dykk her på jentebloggen.
Les meir her
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024