Sterke grasrottal for VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Sep 2012
I perioden frå 1.mai til 31.august har Velledalen IL sine grasrotspelarar sytt for at 8882 kroner går inn på konto hjå kasserar Asgeir. Til samanlikning gav same periode i 2011 kroner 7656 og i 2010 kroner 7055
Summen for august månad lyder på fine 2274 kroner, mot 1510 i august i 2011 som var ein svak månad. Dermed vart august tredje beste månad hittil i 2012, berre februar(2443) og mai(2527) er betre. Beste månaden nokon sinne er juni 2011 med kroner 2651 – til samanlikning.
Talet på spelarar er stabilt. Ser vi på perioden 1.mai til 31. august, hadde Velledalen IL 75 spelarar ved utgangen av mai, og same tal ved utgangen av juni. Så hadde vi forsiktig tilgang til 76 ved utgangen av juli. Eit tal som stod seg ved utgangen av august.
STOR, STOR takk til alle våre 76 trufaste grasrotsympatisørar!!
Vi kjem med ei større oversikt over grasrotkroner i ulike lag i løpet av dagen/kvelden.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024