Samla overskot i velledalsfjell

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2012

foto:privat

NM-sølvet i høgdebyks med 2.05 meter er tidlegare breitt skildra på VIL-nett. Men ein tikjempar må meistre meir enn høgdehopp, så Henrik var påmeld i to andre øvingar. Lengdehopp og 110 meter hekk.

   

Greitt i utgangspunktet, men arrangøren hadde tydelegvis ikkje tenkt på at det fanst utøvarar som ville kombinere nettopp desse øvingane. Dei gjekk på same tidspunkt. Faren, Morten, fortel kva endelykt dette fekk.

   -
   
 Henrik fekk med seg 1.omgang i lengdegropa, der han landa på 6.56 meter. Så måtte han springe hekk, med det resultat at han var fråverande i andre lengdeomgang. I tredje omgang var han tilbake i gropa og auka til 6.66 meter. Dette var ikkje langt nok til å kome mellom dei åtte som fekk hoppe dei tre siste omgangane. Han enda som nummer ti i lengde etter berre to hopp. På hekken fekk han ein høgst respektabel 5.plass og persa med nokre hundredelar.

   

Dermed vart den totale NM-helga for Henrik slik:


2.plass i lengdehopp


5. plass på 110 meter hekk


10.plass i lengde

   

Og berre for å ha nemnt det:


Henrik «lødde seg opp» til NM mellom anna i Velledalen. Med framifrå kosthald hjå Reidun og John, tur til Lisje Kløvheitind med systera Anna Maria og bading på Olaberget.

  I tillegg har han gjennom sommaren kosa seg med fotballkampar på Vik IL i 3.divisjon og feriert med treningar på diverse anlegg rundt om i Norden.

   

VIL-nett ynskjer lukke til på vegen mot det store målet – OL i 2016!