Sprang heimatt i pur glede

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Aug 2012

I går kveld hadde eg besøk. Av Svein Arne Nakken, som ikkje treng nærare presentasjon lokalt. Fotballgale som vi er, vart vi samde om å gløse på kvartfinalen mellom Haugesund og Hødd – i alle fall så lenge det var håp om vidare cupspel for sunnmøringane.

   

Våre venner i Hødd leverte ein feiande frisk 1.omgang og burde leia, men det stod 1-1 til pause. Helland feia inn sitt andre for Hødd med eit prosjektiltreff som nær velta arabermålet i andre omgang. Svein Arne var i ekstase.

   

Men det skulle bli verre. Haugesund utlikna, kampen levde og spelarane gjekk tomme. Det vart ekstraomgangar. Svein Arne levde med. Måla uteblei. Kampen nærma seg klimaks – straffesparkkonkurranse. Unge Nakken sin ekstaseliknande framtoning tok ei ny vending. Meir alvorleg, ein transeliknande tilstand. Han forlet stova, makta ikkje sjå avgjerda.

   

Då 2-2 etter ordinær tid, hadde vorte 6-7 når vi plussa på straffemåla, kunne han hentast inn. Han heiv etter pusten og kunngjorde:

   -
   
 No har eg to val. Anten lyt eg ta meg ei rotbløyte eller så må eg springe heim att. Eg velgjer sjølvsagt det siste – det sunnaste alternativet.

   

Så kontaktar han kona, Anita, og bed henne pakke sportsbagen. Den vert henta av Arve Eggen og frakta fram til Hole. I bekmørke kvelden, i hylgjande regnvêr, spring så Svein Arne Nakken 10 kilometer heim – i pur glede over ein god prestasjon av eit fotballag han elskar over alle andre, vel å merke etter at VRF forlet manesjen.


TAKK Svein, for herleg engasjement!


TAKK Hødd, for ein susande idrettsprestasjonen!

   

PS 1. Svein Arne Nakken har sprunge før. Som Oppmann for VRF sprang han på slutten av 1980-talet – rett nok på dagtid - frå Stranda sentrum til Aure (Sykkylven sentrum) i pur glede over eit VRF-opprykk.

   

PS 2. Sprunge før har Hødd sitt trenarteam og støtteapparat òg gjort. Takk for sist til Lars Arne og hans medhjelparar! I kveld fekk de betalt for den tøffe sliteturen til toppen av Dalsnibba i juni. Nibbeløpet betalte seg.

   

  

   
   
   



Atle Hole