Holetindane trimpost – status 12. august
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Aug 2012
Trimposten på Holetindane er den mest krevjande av trimgruppa sine postar. Anten ein går frå Hole, Brunstad eller Svartevatnet vil dei fleste bruke mange timar på turen. Difor er det naturleg at ingen går der jamnleg. Vanlegvis vinn ein denne posten om ein greier mellom 15-20 turar i løpet av trimsesongen. Siste åra har ein vore sikker inne på topp-5 om ein har hatt fem turar eller meir.
Slik var stoda då vårt team gjesta posten 12. august:
13 turar Nils Terje Skylstad
4 turar Arnhild Linga
3 turar Svein Linga
3 turar Rune Nilsen
2 turar Per-Gunnar Holmberg
2 turar Linda Kristin Øye
2 turar Kai Ove Fet
Som ein ser er det beinhard kniving om posisjonane bak suverene Nils. Vi nemner at ein tur til Holetindane vert tilgodesett med 30 gilde trimpoeng
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024