Saudehornet Opp laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2012
Motbakkeløpet Saudehornet Opp i Ørsta har 10 års jubileum i 2012. Jubileumsløpet går laurdag med start i sentrumsområdet og målgang på toppen av det 1303 meter høge Saudehornet. Løypelengda er kring 5,5 kilometer.
Motbakkeløpet i Ørsta har tidlegare vore NM-trasè. Årets løp tel med i NC-cupen, som det sjette av i alt sju. Berre motbakke-NM i Rosendal står att etter Saudehornet.
Saudehornet Opp har både konkurranse- og mosjonsklasse. VIL-nett sjekka påmeldinga onsdag kveld. Då stod 79 namn på lista i konkurranseklassa. Mellom desse Nils Terje Skylstad, Velledalen IL, i klasse 55-59 år – som einaste sykkylving.
Nils vart klassevinnar i Eggenipa Opp i Breim, og vil heilt sikkert gjere det framifrå i Ørsta òg
– i ei løype han kjennar godt frå tidlegare deltakingar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024