Hest og helse satsar mest
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2012
Tala vi her presenterer gjeld for månadane mai, juni og juli. Summane er avrunda til næraste heile krone, og er snittsatsinga pr. grasrotspelar (den totale summen delt på antal spelarar).
Her er snittsatsinga for nokre utvalde lag (antal spelarar ved utgangen av juli i parentes)
177 kr: Sykkylven Rideklubb (38)
150 kr: Sykkylven Helselag (16)
116 kr: Sykkylven Skulekorps (61)
110 kr: Sykkylven Janitsjar (25)
100 kr: Sykkylven IL (253)
94 kr: Sykkylven Røde Kors (119)
92 kr: FK Sykkylven (144)
89 kr: VRF (45)
87 kr: Velledalen IL (76)
78 kr: Sykkylven Skyttarlag
63 kr: UL Samhald
56 kr: Straumshorn Juniorkorps (38)
28 kr: Velledalen Skulekorps (22)
28 kr: Velledalskoret (10)
Som dei fleste veit utgjer Grasrotandel fem prosent av tippeinnsatsen. Då, kjære lesar,
kan du sjølv rekne ut kor mykje gjennomsnittsspelaren til Sykkylven Rideklubb - og andre - har satsa i løpet av dei tre sommarmånadane.
Vi presiserer at dette ikkje er alle registrerte laga i bygda, men Sykkylven Rideklubb og Sykkylven Helselag var dei to beste. Elles ser det ut til å vere ein trend at sentrumsfolk satsar meir enn eksempelvis folk i Velledalen og Straumgjerde.
Gi gjerne til kjenne synspunkt:
atlehole@online.no
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024