Hurra for Nils og Alf Petter!!

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jul 2012

Her er desse to i arbeid med andre sportslegeoppgåver, tidtakarar under Koldabakken grand prix

Alf Petter, som representerer Rindals Troll, deltok i Olsokløpet på Ålvundeid. Eit 11,5 kilometer langt løp på vekslande underlag. Alf Petter brukte 48.41 på løypa. Det heldt til klassesiger i klasse 45-54 år, og andreplass totalt. Berre fattige tolv sekund bak bestemann. Det var ein godt nøgd Alf Petter vi prata med på telefon etter løpet.

   -
   
 Tida er mange minutt bak bestetida mi i dette løpet, men den var sett i førre århundre, kommenterte ein humoristisk klassevinnar.

   

Nils Terje Skylstad drog sørover til suksess i Eggenipa Opp i Breim. Eit motbakkeløp der han tidlegare har vorte klassevinnar. Slik gjekk det også denne gongen, og med god margin. Her er resultata frå klasse 55-59 år:

   1.
   
 Nils Terje Skylstad, Velledalen IL, 1.08.19

   2.
   
 Aril Bjarkø, Nord-Østerdal, 1.12.20

   3.
   
 Reidar Losnegard, Førde IL, 1.13.47

   4.
   
 Reidar Eide, Førde IL, 1.14.51

   

Best totaltid av samtlege hadde Torbjørn Ludvigsen med 52.27. Han kjempar om samanlagtsigeren i årets NC-cup i motbakkeløp. Berre for å ha nemnt det.