Fin tredjeplass til Hilde

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jul 2012

arkivfoto

Jordbærdilten vert arrangert
   av Valldal IL med start og mål i sentrum. Av dei 212 deltakarane - som for øvrig er lågaste deltakartal nokon sinne – starta heile 165 i trimklassa utan tidtaking.

   

Av dei som sprang på tid vart Kristian Nedregård, Tyrving, best med tida 10.07. Nærast kom skiskyttaren Johannes Thingnes Bø med 10.16. Vi nemner at løypa er 3,2 kilometer lang.

   

I klassa for kvinner senior vart Hilde Riksheim Tandstad nummer tre av fem deltakarar. Dei to som slo henne er begge sterke langrennsløparar som hevdar seg høgt på nasjonalt plan i sine årsklasser. Her er resultata i kvinner senior, Jordbærdilten 2012:

   1.
   
 Mathea Gjeitnes, MOI, 12.59

   2.
   
 Ingvild Øye, Hovdebygda IL 13.02

   3.
   
 Hilde Riksheim Tandstad, Velledalen IL, 13.50

   4.
   
 Mina Dahl Paule, Birkebeineren IF, 14.35

   5.
   
 Tiril Olin Vestre Røkke, Stordal IL, 15.27