Geir Olav Brunstad til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jul 2012
Geir var son av Gerda og Olav Brunstad, fødd 24. november 1954. Han voks opp på Hole, saman med foreldra, to eldre brødre
og éi yngre syster.
Sportsleg fekk Geir oppleve den store omveltinga som fann stad innan barneidretten midt på 60-talet i Velledalen. Særleg i skimiljøet med lysanlegg både for hopp, alpint og langrenn i Holemarka. Både Otto og Arnfinn sysla med langrenn, og det fall naturleg at Geir gjekk same vegen. Som yngst av dei tre gutane fekk han tilgang på utstyr som gjekk i arv, som vanleg var i 60-åra. Geir hevda seg godt i løypa, med klasseplasseringar stort sett mellom 3-6 i kretsrenn dei åra han dreiv som hardast.
Men det er eit fotballminne som sit hardast i hugen. I 1969 hadde VRF eit sterkt smågutelag med spelarar fødde i 1955 og 1956. Leiv Alnes, Odd Harald Hovde, Geir Tandstad, Otto Magne Strømmegjerde, Ole Jostein Fet, Arnstein Johannessen og Magne Nygård – for å nemne nokre. Geir var ein dyktig sideback på dette laget, som starta serien med 9-0 triumf over Blindheim heime, fylgd opp med 6-0 borte mot Mauseidvåg og 10-0 borte mot Skodje. Dette var i den tida vi vart frakta til bortekampane av Severin Erstad. Vi sat som sild i tynne bak i «bussen», med trenar og sjåfør framme. Vi vart om ikkje anna godt kjende med kvarandre på desse turane.
Midt i vårsesongen minnest eg at Bo Grebstad – som var trenar – fortalde at Geir ikkje kunne vere med laget i kampar lenger. Han var fem veker for gamal. Og slik slutta langt på veg Geir sitt fotballiv.
Vi lyser fred over Geir Olav Brunstad sitt minne.
PS.
På denne tida var det vanleg at born fødde seint på året venta til året etter med skulestarten. Sidan Geir gjekk i klasse med Leiv og Odd Harald, tok VRF det som ei sjølvfylgje at dei var fødde same årstal. Noko dei altså ikkje var. Men kretsen oppdaga det ikkje, så det vart inga bot, slik det ville vorte i dag.
Men med dagens ordning kunne ein søkt om å få bruke Geir som overårig spelar, og på den måten ikkje splitta han frå klassekameratane.
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024