Koppen trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2012

Bilete av Anita på tur opp på Aurdalsnibba

17. juli vart stoda på Koppen trimpost sjekka. Hittil i sesongen har det ikkje akkurat vore noko stort «renn» på denne posten, kan vi slå fast. Anita Hjorthol heldt topp-posisjonen som ho pla gjere, føre eit lite kobbel av utøvarar som alle stod planta på halvdusinet.

   

Ynskjer ein gjere rask suksess på nokon av trimgruppa sine postar, kan Koppen vere eit høveleg mål. Her er utfarta så vidt lita at det er fort gjort å kapre seg plass på topp-5. Men turen er bratt, så ein bør ikkje ha for mykje slark i knea. Slik var stoda 17. juli klokka 15.10:


13 turar: Anita Hjorthol

  6 turar: Åge Vanebo

  6 turar: Svein Hjorthol

  6 turar: Veronika Ulriksen

  6 turar: Eldrid Myhre

   

Fin blanding av menn og kvinner på denne posten, og det er enno fullt muleg med innpass på lista for «outsidarar». GOD TUR!