Elling kontrollerer Myrdalsfjellet
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2012
Foto av Nils Terje Skylstad
Tida framover ettersommaren og hausten er den beste tida for ein tur på Myrdalsfjellet. Difor er ingenting avgjort, sjølv om mannen i tet har relativt klar leiing.
Vi minnest frå sist sesong at Frank og Elling Hole lenge hadde ein durabeleg duell nettopp på denne posten. På det meste vart det køyrt doseringar på både tre og fire turar om dagen. Så tøft at Frank til slutt resignerte.
-
Dette kan ikkje ein mann i fullt arbeid vere med på, konkluderte maskinentreprenøren Frank, som no er busett på Brøvoll.
16. juli, litt seint på dag, var stoda slik mellom dei beste på Myrdalsfjellet:
Elling Hole 41 turar
Nils Terje Skylstad 14 turar
Kari Hjorthol 9 turar
Eldrid Myhre 9 turar
Som ein skjønar er det fullt mogleg for andre aktørar å blande seg inn på topp-5 lista før trimbokbytet i månadsskiftet september/ oktober (om lag då).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024