Solid av Jo André i Varden Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2012

Bilete er henta frå Kondis.no
Alle rekordar fall. Marianne Oppsal frå Jessheim sette ny kvinnerekord med tida 53.36. I herreklassa vart det trippelsiger til familien Bugge frå Eidsvåg IL. Best vart Johan på tida 41.46 mot 42.05 for Øyvind på andreplass.
Vår mann, Jo André Tandstad, kom inn til fine 54.44. Det heldt til 11.plass av 22 løparar i den største klassa, 23-39 år. I Syvde var Jo André nøyaktig på midten av resultatlista. Denne gongen gjekk han eitt hakk fram, med ti mann føre seg og elleve bak.
Kring 120 deltok i årets Varden Opp, melder Kondis på nettsida. I dette talet ligg både konkurranseløparar pluss trim/mosjon
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024