Varden Opp laurdag
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mai 2012
Laurdag 2. juni vert Varden Opp arrangert for niande gong. Eit av dei lettare motbakkeløpa med tider godt under timen for dei spreke. Løpet har start i sentrum av Langevåg og målgang på Storevarden, 776 meter over havet. Her kjem nokre viktige data:
Mosjonsklasse og familiar startar i tidsrommet 11.00-13.00
Trimklasse start klokka 13.00
Konkurranseklasse start klokka 13.00
For ein mosjonist er prisen kr 100,- for deltaking, i trimklassa kr 150,-, i konkurranseklassa kr. 200,- medan ein familie må ut med kr 300,-
Påmelding kan gjerast på førehand til:
Tlf: 95 12 79 62
E-post:
kaabak@online.no
PS. Velledalen IL har bra tradisjonar frå dette løpet. Kjell Magnar Berli tok sterk tredjeplass i klasse 23-39 år i fjor. Elles har Nils Skylstad, Olaf Øien og sikkert også Nancy Eggen delteke i løpet. I skrivande stund har vi ikkje oversikt over våre påmelde i år, men vi veit at Jo André Tandstad stiller.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024