VIL-styret sa ja til «Jackpot»
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2012
Siste året har Velledalen IL hatt ei sovande gåve på kr 1000 til dei tre fyrste som døypte ungen sin Konrad. Fristen gjekk ut 1.mai 2012 – utan napp av noko slag.
7.mai 2012 bestemte Velledalen IL på eit styremøte at heile summen skal satsast på eitt kort – altså 3000 kroner til den fyrste som døyper guten sin Konrad. Denne lovnaden gjeld fram til 1. mai 2013.
I tillegg vil sjølvsagt denne Konraden få same goda som alle andre Konradar. Gratis deltaking og premie kvart år i løpet. Om nokon bit på denne gongen står att å sjå, men sjansane burde vere stigande. Verdien av ein ekstra «fadder» burde vere gull verdt i ei oppreva og usportsleg verd.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024