Dramatisk oppteljing

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2012

Soteringa av deltakarane i Konradløpet i kategoriane kvinne og mann vart meir dramatisk enn venta. Den fyrste oppteljinga viste 170 menn og 167 kvinner. Dette vert tilsaman 337 deltakarar og ikkje 338 slik det skulle vere. Dermed måtte vi saumfare listene.

   

Vi fann feilen. På lista var nummereringa 10,11,13,14,15 16…. Med andre ord, det var hoppa elegant over nummer 12. Då gjekk vi til fotoarkivet frå løpet. Og der fann vi startnummer 12 i fint driv. Ut frå fotoet vart startnummer 12 dømt som kvinne. I tilfelle dette er rett er stoda 170 menn mot 168 kvinner.

   

Sidan er finst tvilstilfelle vil oppteljinga halde fram. Vi har rekna Remigiusz Janiak som mann og Cordula Noe som kvinne. Berre to eksempel på at dette ikkje er like lett som kanskje nokon trur.

  Blir 170-168 i mennene sin favør ståande er dette den jamnaste fordelinga nokon gong, og jamnare kan det heller ikkje bli. Skifter éin mann side vert stoda 169-169