Premiekomitéen i arbeid

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Apr 2012

Mykje vert kjøpt. Vi nemner deltakarpremiar til Minikonrad der det er 100 prosent premiering. Vi kjøpet premie til beste skule i Minikonrad og til beste gut og beste jente frå Ungdomsskulen i same løp. Dette for å stimulere ungdomsskuleelevar til deltaking.

  Vidare kjøper vi premie til beste herre og beste dame i hovudløpet.

   

Men det er mykje meir som fylgjer med ei «hes». VIL må til ei kvar tid ha inne nok diplomar til 1.gong startande, sølvmedaljar til 3.gong, gullmedaljar til 6.gong og Konradvasen til alle med ti års deltaking. I beste fall skal 183 personar ha premiering her + dei som skal ha diplom.

   

Så kjem gåvepremiane, som med få unntak vert trekte på startnummer. Vanlegvis vert kring 20 prosent av deltakarane premiert. Med eksempelvis 300 påmelde i hovudløpet, som har vore vanleg siste åra, treng vi minst 60 gåvepremiar. Desse har vi ein eigen komité som arbeider med. Det er:
  Marit Hole


Linn Tove Akselvoll Lade


Odd Kåre Fet.


Denne trioen gjer ein kjempejobb. Du kan lette arbeidet deira ved sjølv å melde inn/levere gåvepremie til Konradløpet. Verdimessig bør kvar premie liggje i 150 +.

   

På førehand takk!