Gratulerer Brunstad, Velledalen IL og Arne Larsen

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2012

Dersom du er 55 år eller eldre trur vi vi veit svaret. Du var i Brunstadbakken. Det er


nemleg i dag på dagen 50 år sidan Velledalen IL arrangerte sitt fyrste storrenn der.

   

Ja, det måtte vere sein vår i 1962, ettersom det kunne hoppast i Brunstadbakken den 15.april. Arne Larsen hadde blitt verdsmeister i kombinert dette året, og var såleis ingen smågut i nasjonal samanhang. Larsen var det desidert største trekkplasteret i rennet.

   

Sunnmørsposten skreiv mellom anna dette om rennet:

   -
   
 Jeg får komme tilbake hit oftere, så jeg får møblert opp en leilighet til jeg gifter meg, sa Larsen etter han mottok en 4-mann sofa, fritt val av mønster og stoff !

   -
   
 Får hopperne på Østlandet og i Trøndelag høre om disse fantastiske premiene, så blir det nok reine invasjonen til neste år!

   

Verdensmesteren sa forøvrig at bakken
   på Brunstad lett kunne bygges ut til opptil 70 meter. Velledalen IL burde søke på nordiske renn til neste år i april månad, så ville nok håpet om å se Engan & Co gå i oppfyllelse.

   

Bakken vart utvida, men ikkje i stor grad. Arne Larsen sin bakkerekord på 56 meter frå 1962, vart sletta i det siste storrennet i 1965. Då hoppa Hans Olav Sørensen 60,5 meter


Etter dette rennet kom repriseropet i Sunnmørsposten:

   -
   
 Bakken bør byggjast ut til 70 meter, sa Flytør.

   

På jubileumsdagen nemner vi at Olav P. Hole, Rolf Lødøen og Arne Wullum var lokale heltar på resultatlista, der Hole og Lødøen representerte Velledalen IL

   

Brunstadbakken stod i si tid for samhald, engasjement og dugnadsånd. Minna om det som fann stad på denne staden lever, spora er på det næraste viska ut. Diverre. I dag held Velledalen IL styremøte, som opnar med ei synfaring i Brunstadbakken på dagen 50 år etter ein av dei største sportslege dagane i VIL soga.

   

Kl.1915: Synfaring Brunstadbakken


KL.2000: Kake og kaffi i grendahuset – styremøte

   

Alle velkomne til synfaring og kake/kaffi.

   

PS. Neste år har ein ny kobinertkjendis lova koma til Velledalen. Mikko Kokslien vart
   i 2012 nummer tre i verdscupen samanlagt. Men det vert i samband med Konradløpet.