Fjellsæterrunden - fire klubbar stiller tremannslag
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2012
Då påmeldingsfristen gjekk ut var det meldt på seks kvinner, men ingen klubb har meldt på tre løparar, noko som må skal ein ha håp om å knipe premien for beste kvinnetrio. Men det kan kome etterpå- påmeldingar.
I herreklassa hadde fire klubbar meldt på tre løparar eller meir. Dei fire laga som kjempar om tremannspremien er: Emblem IL, Sykkylven IL, Volda T&IL og Velledalen IL. Favoritt er Emblem IL, som har ein sterk trio i Tryg-Arne Løkkeborg, Bjørn Lundanes og Geir Sandal. Vi presiserer at fleire klubbar har to påmelde, og kan dermed fort bli tre, før startskotet smell 26.februar klokka 1230.
Mest imponerande med påmeldinga hittil er at 22 klubbar er representert i rennet, Frå Gaular IL i sør til Tomrefjord IL i nord. Men deltakartalet til fellesstarten var midt på dagen laurdag ikkje kome høgare enn godt 40 løparar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024