Neppe trippel for VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2012
Sist vinter var det trioen Ole Johnny Myrseth, Svein Arne Nakken og Kenneth Fet som utgjodre VIL sitt lag. Året før var Kenneth Fet, Svein Arne Nakken og Kristian Moe VIL sine tre beste løparar. Grunnen til at stoda ikkje er like optimistisk før start dette året, er fyrst og fremst at Kenneth Fet har trappa ned. Siste åra har han gjort det svært bra i Fjellsæterrunden. Heller ikkje Kristian Moe er venta å finne på startsletta sundag 26. februar.
Opplegget kring tremannspremien er at ein summerer dei tre beste tidene til løparar frå same klubb. Ein treng med andre ord ikkje plukke ut tremannslaget på førehand. Vi snakka i dag med VIL sin attvalde langrennsleiar, Svein Arne Nakken, og han seier dette om stoda:
-
Akkurat no er det litt usikkert kven som stiller. Eg reknar med Eldar Kurseth, Ole Johnny Myrseth og meg sjølv. Og eg håper at Stian Mork, som ganske nyleg gjekk Marcialoinga, stiller. Men dette vil vise seg når påmeldingane tikkar inn. Det vil vere ei positiv bombe om Kenneth stiller.
Som vi før har meldt har veltrena Eldar Kurseth medt seg inn i VIL. Elles kan det kanskje vere eit lite håp om at fjorårets løparkomet, Kjell Magnar Berli, tek Fjellsæterrunden som eit ledd i treninga. Til fleire som stiller til betre. Er ein akkurat tre mann, må samtlege ha klaff om ein skal hevde seg mellom dei beste
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024