Skardilten 2012, laurdag 11. februar
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Feb 2012
Ettersom det snødde tett i timane før rennet, vart det valets kvaler med tanke på kva ein skulle velje som festesmørjing. Alt frå rubb/Zero via voks til klister og klister med dekning vart utprøvd, utan at ein vart særleg klokare av den grunn. Mange av dei eg var i kontakt med hadde likevel valt å gå på rubb/Zero (smørjefrie ski) ettersom klisteret isa under snøbyene. Rennvinnar Knut Anders Hatlen valde å gå på blanke ski og tok sjansen på å stake heile løypa...
Seinast 15 minutt før start snødde det tett, og rubb/Zero-skiene verka bankers, men mest som eit under så vart dette siste snøbya så lenge rennet pågjekk. Rett etter starten, som var klokka 12.00, slo veret om frå snøbyer til regnbyer og med det var det plutseleg blitt klisterføre. I den fyrste av dei tre rundane fungerte likevel rubb/Zero-skiene brukbart, ettersom få løparar hadde gått i skispora. Verre vart det i dei to siste rundane, då alle dei 222 som fullførte dagens renn hadde vore igjennom løypa ein gong. Då gjekk det frå vondt til verre. Spora vart meir og meir isete og glattare og glattare. Det heile utvikla seg til ei kraftprøve, og fleire kjende resultatet av lavt blodsukker dei siste kilometrane. For underteikna svimla det kraftig rett etter målkomst, og hadde det ikkje vore for Teamgeneral Knut Hatlen hadde eg måtta ''tatt teljing'' i kneståande. Takka vere Knut greidde eg å halde meg på føtene...
Etter løpet var mange av løparane kritiske til arrangøren som kun hadde drikkestasjonar ved passering og i mål, altså etter 13,33 km, 26,67 km og 40 km. Det var unison oppfatning at det også burde ha vore ein drikkestasjon halvvegs ute i den 13,33 km lange sløyfa. I dei store turrenna som Holmenkollen Skimaraton-Oslo, Stenfjellrunden-Hamar, Vasaloppet og Birkebeineren er det kjeks og sportsdrikke med ''ekstra futt'' på drikkestasjonane. Dette gjer at løparane kan få skikkeleg påfylling med jamne mellomrom. I Skardilten var det berre saft og banan. Dette held rett og slett ikkje i eit så langt og ikkje minst tungt løp som det vart i dag.
Arrangøren fekk også kritikk for dårleg premiering. Ein sponsa fleece-buf frå Sport 1 var alt dei hadde å tilby løparane bak beste kvinne- og herreløpar. Eg kan for ordens skuld nemne at startkontingenten var sett til kr 300,- med gebyr på kr 200,- ved etteranmelding. Har ein ikkje årslisens vert det endå kr 120,- dyrare. Med andre ord måtte ein etteranmeld løpar utan årslisens ut med kr 620,- for i det heile å kunne starte. Då vert ein sponsa fleece-buf lite å ta med seg frå ''premiebordet''. Til samanlikning har vi til årets Fjellsæterrunde, som går av stabelen sundag 26. februar, flotte gåvepremiar til alle. I tillegg til gåvepremiane har vi også ein kvilestolstol til ca. kr 14.000,- sponsa frå Brunstad til uttrekkspremie mellom alle løparane som går full distanse.
På Skaret Skistadion og deltakar i Skardilten 2012
Svein Arne Nakken.
På den følgjande sida har eg plukka ut resultata til nokre utvalde løparar:
Dei tre raskaste i kvinneklassene:
1)
Benedikte Liepelt
(K 41-45 år)
MOI
2.29.14 timar
2)
Hilde Hoff
(K 31-35 år)
KAKA-trening
2.33.25 timar
3)
Astri Nilsson
(K 51-55 år)
–––
2.33.35 timar
Dei ti raskaste i herreklassene:
1)
Knut Anders Hatlen
(M 31-35 år)
Stranda IL
1.58.38 timar
2)
Johan Bugge
(M 21-25 år)
Eidsvåg IL
1.59.59 timar
3)
Leif Harald Settem
(M 41-45 år)
MOI
2.02.51 timar
4)
Pål Bjørn Øvrebust
(M 46-50 år)
Stordal IL
2.03.39 timar
5)
Trygg-Arne Løkkeborg
(M 21-25 år)
Emblem IL
2.05.23 timar
6)
Finn Thorer Kjos
(M 46-50 år)
Åndalsnes IF
2.05.28 timar
7)
Bjørn Lundanes
(M 19-20 år)
Emblem IL
2.06.37 timar
8)
Morten Nerem
(M 19-20 år)
Emblem IL
2.07.49 timar
9)
Geir Tony Tomren
(M 36-40 år)
Tomrefjord IL
2.08.06 timar
10) Stian Torsetnes
(M 19-20 år)
MOI
2.08.48 timar
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Eldste dame- og herreløpar:
1)
Berta Bjerkeli
(K 56-60 år)
Isfjorden IL
3.19.32 timar
1)
Styrkår Brørs
(M 76-80 år)
Surnadal IL
2.57.23 timar
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Mest kjende fotballspelar og tidlegare Molde FK-kaptein:
Knut Anders Fostervold nr. 2 i kl. M41-45 år
Skåla Hardhaus
2.10.51 timar
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Øvrige resultat, lokale løparar:
Kvinner 19-20 år:
1)
Elisabeth Overvoll Hole
Stranda IL
2.41.57 timar
Menn 31-35 år:
8)
Ole Johnny Myrseth
Velledalen IL
2.39.32 timar
Menn 46-50 år:
7)
Svein Arne Nakken
Velledalen IL
2.20.01 timar
14) Fridtjof Fredriksen
Sykkylven IL
2.34.22 timar
Menn 51-55 år:
6)
Geir Verpeide
Stranda IL
2.25.22 timar
Menn 56-60 år:
7)
Ole-Johan Lillestøl
Stranda IL
2.43.58 timar
Menn 66-70 år:
1)
Ole Magnar Øvrebust
Stordal IL
2.32.28 timar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024