Idrettsminne 26: Stafettarven

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2012

Gull i 1952.
   I etterkrigsåra var Velledalen IL eit lag som vart rekna med i stafettar både sommar og vinter. Ser ein på skistafettar, er det ikkje tvil om at laget si glanstid var
    fyrst på 50-talet. Både i 1950 og 1951 vart Velledalen sitt lag nummer to i KM-stafetten over 4X10 kilometer. I 1950 (på Stranda) var laget: Olav P. Hole, Paul Hole, Olav Fedt og Oddmund Skylstad. Året etter var laget slik: Olav P. Hole (beste etappetid), Paul Hole, Torleiv Hole og Jon C. Brunstad.
   

   Men året etter (1952), med Hovdebygda IL som arrangør, kunne fire stolte karar hente KM-tittelen heim til Velledalen. Laget var nesten identisk med året før, bortsett frå at Ole L. Hole erstatta broren Torleiv. Paul Hole skruar minnet over 50 år tilbake og fortel:


- Hugsar eg rett var avstanden nokså liten mellom Velledalen IL og Stranda IL etter tre etappar, med Velledalen litt bak. Om eg ikkje minnest feil gjekk Ole L. Hole fyrste etappe, eg gjekk andre og Jon C. Brunstad tredje. På siste etappe hadde strandarane Petter Andreas Langelo, medan vi hadde bror min, Olav (P. Hole). Det vart ein durabeleg duell. P.A.S. hadde betre gli og var føre i unnabakkane, medan Olav var føre i tyngre terreng. Heldigvis bikka det vår veg tilslutt utan at eg kan hugse kor stor sigersmarginen vart.

  Meir gull vart det ikkje i denne tidsbolken. Det vart sportslege nedgangstider, før barneidretten for alvor blomstra opp midt på 60-talet. Siste halvdel av 60-talet og utover hausta laget fruktene av godt ungdomsarbeid, og brått var Velledalen IL i posisjon til å ta nye KM i skistafett.

   

1972: KM-gull 3x3km stafett , gutar samla alder 42 år, arr.: Velledalen IL
   

  God margin.
   Langrennsbas Karl B. Lade visste laget hans var slagkraftig, søkte, og fekk KM-arrangementet. Vinteren 1972 var snøfattig, men laget fann snø eit stykke innanfor Fjellsætra, like attmed Nysætervatnet, nok til at rennet kunne avviklast på ein god måte. Trioen Jan Bolstad, Atle Hole og Bjørn Lade hadde god margin til dei neste laga med tida 38.06. Vidare rekkefylgje var: Emblem (38.53), Stranda (39.02), Valldal (39.17) og Ørsta (41.03).
   

   

   

1974: KM-gull 3x5 km stafett, junior, arr.: Sunnylven IL
   

  Gedigen smøjetriumf
  . Ørsta IL var favoritt i juniorklassa. Men stafett er stafett, og særleg når det er nullføre og uvisst kva som skal under skiene. Problemet denne dagen var regn/sludd ved start og langt turrare snø på høgste punkta i løypa. Seniorane og juniorane starta saman. Eg var temmeleg nervøs då eg gjekk til start som startmann. Skiene var glatte. Urovekkande glatte. Men etter kvart som løypa steig vart dei betre, og det gjekk ikkje lenge før eg passerte løparar som stod og gnei skiene att og fram over små tre, greiner og liknande. Mellom desse hugsar eg at Asbjørn Tandstad var. Endelykta vart at alle som hadde perfekte ski i startområdet ”totalhavarerte”, medan dei som hadde det glatt i starten kom bra frå det. Stafetten vart ein gedigen smørjetriumf for våre to fagfolk, Karl B. Lade og Torleiv Hole. Ørstajuniorane var sjanselause på dårlege ski og kom langt bak vår trio: Atle Hole, Bjørn Lade og Torstein Hole.
   

1.12.40 vart velledalingane si sluttid mot 1.15.47 for ørstingane.

   

1985: KM-gull 3x10 km stafett, senior, arr.: Ørsta IL
   

  Terje sin parademarsj.
   Dei tre heitaste favorittane var Emblem, Ørsta og Velledalen i uprioritert rekkefylgje. Terje Aurdal gjekk for Velledalen denne sesongen, og at han var i form, det visste vi. Dei to andre, Pål Rune Fet og Atle Hole, var rekna som meir usikre kort. Og for
    ikkje å avsløre noko overfor konkurrentane starta ingen av dei to i det individuelle KM-rennet dagen før stafetten. Då startskotet gjekk viste begge seg kapable. Særleg Pål Rune gjekk ein kjempeetappe mot den sterke ørstingen Arild Bjørdal, og sende Terje Aurdal ut berre 17 sekund bak ørstingen Hallvard Moe. For Terje i knallform vart dette ein rein parademarsj. Sigersmarginen vart på to minutt og 16 sekund og dette sa Pål Rune Fet til Sunnmørsposten etter sigeren:
   

   
    -
    
  Spora var gode, men snøen var trå. Eg hadde bra ski og fekk god glid. Eg har eigentleg altfor lite grunntrening, har kun trena skikkeleg dei siste tre vekene og vart i grunnen med på stafettmesterskapet mest for moro skuld. Både eg, Atle Hole og Terje Aurdal trudde vi ville ha eit bra lag i år, så vi vart tent på det. Teke i betraktning av at Atle Hole pådrog seg fotballskade i fjor, og at dette er fyrste rennet han er med på denne sesongen, er vi fornøgde, fortel ein glad Pål Rune Fet til Sunnmørsposten.
   

   

Etter dette har det ikkje vorte fleire stafett-triumfar. Stafettarven vart såleis fullført i same kommune som laget 33 år tidlegare henta sin fyrste KM-tittel.

   

   

  PS:
   Det er verdt å merke seg at den siste tittelen vart teken totalt blotta for støtteapparat.
   

   

ATLE HOLE