Velledalsjenter best i FK Sykkylven
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2009
Fotballsesongen (seriespelet) er over. FK Sykkylven sitt damelag vart nummer fire i 3.div kvinner med to velledalingar som frontfigurar.
Vi siktar Ingjerd Weiberg-Aurdal og Maria Fet Holmøy. Ingjerd vart toppscorar med 14 mål, dobbelt så mykje som nummer to på lista. Maria fann nettet fem gonger frå sin midtbaneposisjon, men er nok ein sterk kandidat til "Årets spelar" på damelaget. Hardaste utfordrar vil vi tru er Ingjerd. 14 mål i dameserien av ein fyrsteårs junior er uansett ein feiande flott prestasjon.
Med innsatsen i årets sesong er FK Sykkylven sjette beste seniorkvinneklubb på Sunnmøre, bak Fortuna, Hødd, Volda, Herd og Sunnylven. Og det er framgang!
Herrefotballen er eit sorgens kapittel, men vi registrerer at utflytt velledaling, Frode Linga, gjorde fem mål og innflytt, Jan Halvard Holmøy, tre denne sesongen. Med femteplass i nest høgaste kretsserie gjorde seniorfotballen i Sykkylven kommune i år sin svakaste prestasjon etter andre verdskrig, så her kan det berre gå ein veg…?
FK Sykkylven 2 greidde så vidt tosifra poengtal i lavaste kretsserie (5. divisjon). Her er det verdt å merke seg at Kvamsøy, med 250 innbyggjarar !!, greidde nær det doble – rett nok i ei anna avdeling.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024