Kanonsesong for trimpostane

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2009

Trimbøkenen på dei 13 trimpostane er no samla inn og nye bøker komne på plass. Trimgeneral, Nils Skylstad, fintel poeng om dagen og er smørblid.



Og det har han god grunn til.


-
  
 Sjølv om vi held unna den nye posten i Straumgjerde har vi over 12 000 registreringar. Den gamle rekorden var i underkant av 10 000, seier Nils og legg til:


-
  
 Før var det svært når nokon nådde 100 turar ved eit turmål. No er den tida forbi, ved mange av postane må ein ha 200, eller meir, for å vere i toppen



Nils røper at Brunstadsætra har vore beste turmålet siste året med over 3000 noteringar. Før han kjem med eit lite hjartesukk til storbrukarane av siste turmålet til idrettslaget i Straumgjerde.


-
  
 Alle bør gjere slik Inger Riksheim har gjort i år. Skriv antal turar du har gjort bak namnet ditt. Hvis ikkje dette blir gjort er det nærast ei umenneskeleg oppgåve og telje poeng for kvar einskild person.



Nettsida vil kome med resultat frå dei ulike postane i nær framtid. For å halde på spenninga ei stund, tek vi berre eitt turmål i slengen. Så følg med!