Marianne ”ruler” Vellesætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jul 2009
Lav skodde, sauer på sætrevollen, fred, ro og stille prega Vellesætra då www.velledalen.net sjekka trimboka fredag 10. juli
Vi hadde høyrt rykta, men såg det no ved sjølvsyn, at Marianne Urke vert vanskeleg å tukte i kampen om topplassen på Vellesætra dette året. Av dei fem på topp fann vi tre damer fyrst, så ei luke, før eit par mannfolk.
Toppane på Vellesætra pr. 10.juli klokka 20.00
114 turar: Marianne Urke
90 turar: Torhild H. Skogvold
82 turar: Arnhild Linga
67 turar: Kjell Magnar Berli
65 turar: Magnus Ødegård
Dei tre damene på topp kan neppe nokon rokke ved når Nils i oktober set opp topp-5 for trimåret 2008/2009. Men vi registrerer det vi kan kalle eit gledeleg ”comeback” av Magnus Ødegård – ein av dei trottigaste for ein del år tilbake.
Og ikkje minst gledeleg med ein ungdom inne mellom dei fem på topp. Sterk fjerdeplass av Kjell Magnar Berli er slikt som vert lagt merke til, og sett pris på. Stå på, Kjell Magnar!
Kort om turen for dei som ikkje har vore der. Heile turen er mellom 2-3 kilometer frå Brunstad, alt i motbakke, siste del brattast. Anleggsarbeid gjer at landskapet er opna opp og store deler av turen går på heller grov pukkstein. Reknar ein 30 minutt gange (utan pause) frå Brunstad kjem ein langt. Fullt muleg med overgangstur til Brunstadsætra. På den måten får ein med to trimpostar på same tur.
Prøv Vellesætra – vi garanterer mosjon for hjartet ditt, kroppen din, og turen opp går gjennom det landskapet i dalen som har endra seg klart mest siste året. God tur!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024