Sætreelva i Holemarka – veteranane sin post
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2009
I fjor toppa Ingrid Hole denne posten, èi notering føre ektemannen Elling. Ingrid har skumle hensikter også i år er det likt til. I alle fall har ho lagt seg i tet.
I fjor vann Ingrid med èi fattig notering etter at Elling vart finta ut av trimbokhentar Nils. Då Elling kom og skulle tangere Ingrid sitt tal, hadde trimgeneralen vore der og skifta bok. Elling fekk ikkje teke den langspurten han hadde potensiale til å ta. Same feilen gjer han neppe i år.
Boka vart sjekka den 8.juli. Ingrid hadde 127 turar mot Elling sine 124. Nærast desse kom Oddmund Skylstad med 96. Sterkt, med tanke på at 85-åringen (grunna sjukdom) hadde sin siste tur 30.mai.
Lista mellom dei skarpaste:
127: Ingrid Hole
124: Elling Hole
96: Oddmund Skylstad
74: Kjellaug Ulset
61: Lovise Skylstad
57: Asbjørg Lade
56: Susan Osnes
53: Nils Skylstad
Som vi ser er det veteranane som dominerer. Av dei åtte på topp er Susan Osnes åleine om å vere under 50 år. Sætreelva i Holemarka gir fattige 2 poeng pr. tur. Difor er ikkje dette det turmålet vi tilrår for dei som jaktar samanlagtsigeren. Går ein frå Holegarden er turen 4,5 kilometer (tur/retur). Frå La drygt halvparten. Ein flott tur etter nygrøfta skogsveg der joggesko er meir enn godt nok fotty. God tur!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024