Flotte prestasjonar under Fjellsæterrunden
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Feb 2009
Løparane frå Velledalen IL gjorde det skarpt under Fjellsæterrunden som vart arrangert under våte forhold i dag. Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL, vann rennet på 1.06.29.
Men på dei to neste plassane kom Kristian Moe (1.09.22) og Stian Mork 1.09.49. Dei vann dermed kvar si klasse, Stian klasse 26-30 år og Kristian klasse 31-35 år. I sistnemnde klasse tok Ole Johhny Myrseth ein fin andreplass med 1.17.36. Marius Flemsæter vart nummer tre i klasse 26-30 år med tida 1.26.43
Kenneth Fet gjekk renn i Valldal laurdag (andreplass der), og tok ny andreplass under Fjellsæterrunden i klasse yngre junior. Tida til Kenneth vart 1.14.15.
Svein Arne Nakken imponerte under Holmenkollen Skimaraton, men var ikkje like heldig i dag. Han kom på tredjeplass i klasse 41-45 år med tida 1.17.48
I klasse bedrift herrar hadde Terje Aurdal, Tau sport (medlem i VIL) bestetid med 43.31,
Torild Hole kryssa mållina på 1.10.50 som einaste deltakar i bedriftsklasse kvinner.
I kampen om tremannspokalen gjorde VIL ein sterk figur med andreplass bak Sunnylven IL. Dei tre på VIL-laget var Kristian Moe, Stian Mork og Kenneth Fet. Dei hadde ei samla tid som var to minutt og 26 sekund bak Sunnylven IL sin trio.
48 deltakarar fullførde i konkurranseklassene (medrekna bedrift), og åtte av desse
representerte vart lag, som gjorde av vi hadde største troppa i rennet . Det er vi faktisk litt stolte av.
I tillegg deltok mange frå VIL i Barnas Fjellsæterrunde. Diverre har vi ikkje bilete av på langt nær alle. Men innsatsen var god i rennet som samla 55 deltakarar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024