-Leit fram Splitkein-skia dine, Per !

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Feb 2009

Denne oppfordringa kom frå Arnt Kato Eidem (57), retta mot sin tidlegare konkurrent frå Velledalen, Per Henning Hole.


-
  
 Det er enno ikkje for seint. Neste helg er det NM for veteranar i Stryn så det er berre å leite fram skia, meinte sykkylvshopparen, som varma opp med fleire gode hopp i Fjellbakken på Stavsengfjellet. I sjølve rennet i 50-meters bakken noterte Arnt Kato 42,5 meter i 1.omgang til 15,5 – 15,0 – 14,5 i stil. I andre omgang auka han til 44,5 meter med nøyaktig same stil. Dermed vann han klasse 50-59 år med 173,6 poeng.



VIL sin einaste hoppar, Jan Ringseth, slit for tida med ei dårleg hofte, men etter planen stiller han i NM. Vi ynskjer dei to veteranane alt godt under NM.

  Vi tek med at rennet i Fjellbakken hadde med hopparar frå Ellingsøya i guteklassa, men ingen frå Sykkylven kommune. Det kallar vi eit aldri så lite tankekors.