SEMIFINALE I SKULECUPEN
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2008
Onsdag 19.november vert det arrangert semifinale i skulecupen i friidrett i Sykkylven Storhall. Stemnet i Sykkylven er for heile Sunnmøre, pluss Romsdal sør for Romsdalsfjorden. Nordmøre pluss resten av Romsdal skal ha sin semifinale i Tingvoll. Det vert konkurrert i øvingane kule, lengdehopp og 40 meter sprint. Dei tre beste i kvar klasse/øving er kvalifisert for finalen som vert arrangert til våren. Tre elevar frå Velledalen er kvalifisert til semifinalen. Det er Bengt Hole Alnes (40 meter) , Ellen Marie Hole (40 meter og lengde) og Siv Therese Brunstad ( kule). Bengt og Ellen Marie går begge i 10. klasse, Siv Therese i 8 klasse.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024