KLYPA
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2008
Det var fullt hus og høg stemning på Grendahuset laurdagskvelden då Klypa vitja dalen.
Mange hadde gledd seg i vekesvis, og dei vart nok ikkje skuffa.
Dei møtte både Palle og Kjell ”Kjellen” Bigset i kjempeslag.
Lag på Lag er og godt nøgde med kvelden.
Sjølv om dansegallaen vart flytta frå si faste helg slik at den kolliderte med dette arr. så vart det fullt hus og godt med penger i kassa.
Det er Velledalen Skulekorps, Velledalen Idrettslag, Velledalen Ungdomslag, Velledalen Helselag, VRF og Sykkylven Skyttarlag som til saman utgjer Lag på Lag.
Lag på Lag har som hovudoppgåve å skaffe penger til drifta av grendahuset.
Dette er ein del av betalinga for den ”frie” bruken som
eigarlaga har.
Lag på Lag skal i tillegg gi publikum underhaldningstilbod.
Mange positive tilbakemeldingar tyder på at folk er fornøgde.
Det ligg sjølvsagt ein
stor arbeidsinnsats bak denne aktiviteten, men dei aller fleste som vert bedne om det, stiller opp og er positive til å gjere ein innsats.
Det er tydeleg at dei som soknar til laga og Grendahuset framleis har dugnadsånda inntakt. Noko som styret i Lag på Lag set veldig stor pris på.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024