Ekstrem-Nils
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2008

Friluftsmannen framfor nokon annan i Velledalen, Nils Terje Skylstad, skal ein av dei næraste dagane gjennom ei kraftprøve av dimensjonar. Han har bestemt seg for å ta alle idrettslaget sine trimpostar på èin dag, utan bruk av sykkel eller bil mellom postane. Dette gjer han på fylgjande måte:
Han startar frå heimen sin med retning mot Holemarka og den fyrste trimposten ved kryssing av Sætreelva. Derifrå held han fram til Myrdalsfjellet og post 2. Post 3 ligg ved varden på Holetindane. Deretter tek han seg ned på Brunstadsætra og vidare til Vellesætra.
Så må han innom Regndalen, før han set kursen mot Fet og postane i deira nærområde. Deretter må han heilt ut i Riksheimdalen og posten der, før han på returen må ta posten i Dravlaus skogsveg. Turen vidare går til Hjorthol, èin post i skogsvegen der, før han avsluttar på Koppen. I alt tolv postar, mange kilometer og ikkje minst høgdemeter ventar.
Vi kan ikkje anna enn ynskje lukke til på turen!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024