Bygda treng eit Folkerenn

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mar 2008

I desse dagar er det 56 år sidan Velledalen IL vann stafett-KM over 4x10 km i Hovdebygda. Paul Hole og Jon C. Brunstad er dei einaste attlevande av laget, som elles bestod av Olav P. Hole og Ole L. Hole.
- Sjølv om det er lenge sidan, hugsar vi det som om det skulle vore i går. Vi kjempa med Stranda IL om sigeren. Olav avgjorde på siste etappe, mimrar karane med KM-medaljen på brystet til ære for fotografen.

Men skal karane delta i Folkerennet på palmesundag..?
- Det skal eg. Eg var mellom dei tjue som gjekk i trimklassa i Fjellsæterrunden, så eg skal nok greie ein ny tur rundt Nysætervatnet. Men det vert ikkje med desse skia, seier Paul (78) og viser fram utstyret han vann KM-gull med i 52.
- Hadde eg vore litt yngre hadde eg sett pris på eit slikt renn. Men no er eg litt for gamal, seier Jon (84), og fortel om ein kjenning han hadde som stutte etter 20 meter. Det vart siste skituren for hans del.

Dei to karane friska opp att mangt eit skiminne frå ei svunnen tid, og var klare med omsynet til Folkerennet: Dette må velledalingane slutte opp om, anten som deltakarar eller på arrangørsida.

For ordens skuld nemner vi til slutt; Neste år (2009) er det 60 år sidan Paul Hole tok VIL sin aller fyrste KM-tittel uansett idrett. Den kom i juniorklassa, og distansen var 1500 meter