Hilde til Hellas
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2008
Hilde Riksheim Tandstad (16) har ikkje tenkt å liggje på latsida i påskeferien. 13.-23.mars vert ho nemleg å finne på øya Poros i Hellas (utanfor Athen) på treningsleir med Møre og Romsdal friidrettskrets. Her reknar vi med ho får flust med inspirasjon og nyttig trening, med velkvalifiserte trenarar, føre den komande friidrettssesongen. Skal vi tippe ny løyperekord i Konradløpet 1.mai nok ein gong…??
Elles viser skulevalet til Hilde at ho meiner alvor med friidrettssatsinga si. Ho har Tingvoll som fyrsteval som skulestad til hausten. Der har løparjenter før henne hatt kanonframgang (Silje Fjørtoft og Kristine Engeseth), så dette blir spennande.
Vi andre får nøye oss med Folkerennet, medan Hilde trenar friidrett i varmen i Hellas.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024