Flott 3.plass til Kenneth
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2008
-Eg er godt nøgd med begge renna, seier Kenneth Fet (15) på telefon frå Fitjagarden sundag kveld, vel heimkomen etter avslutta KM-helg på Bondalseidet i Ørsta.
- Lauradg vart eg nummer seks i fristil, 51 sekund bak vinnaren, Ole Sæterbø, frå Surnadal. I favorittdisiplinen, klassisk, gjekk det betre. Det rennet hadde fellestart. Diverre kom eg dårleg ut, men etter halvgått løp hadde eg kjempa meg opp på tredjeplass. Det vart eit drabeleg spurtoppgjer, der eg heldigvis heldt unna for fleire løparar like bak, fortell Kenneth.
Surnadalingen Ole Sæterbø tok ein ny triumf med tida 13.10, Øyvind Hole (Sunnylven) tok andreplassen med 13.12, føre Kenneth som fekk tida 13.23. Det skilde berre 16 sekund mellom dei sju beste i klassa, så her var det køyr.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024