Kretsstafett under ungdoms-NM i orientering
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Aug 2025
Mikkel Ibsen Lervåg sprang på Møre og Romsdal sitt lag
I dag vart krets-stafetten under ungdoms-NM i orientering arrangert i Sandefjord. I alt 60 lag stod på startstreken, eitt av desse var Møre og Romsdal sitt lag. Der sprang Velledalen IL sin Mikkel Ibsen Lervåg, saman Margaret Gjerdahl, Ole Ramstad Bjørshol og Synne Høyland.
Resultat frå stafetten:
- Sør- Trøndelag, 1.08.36
- Akershus &Oslo 1, 1.08.46
- Vestfold og Telemark 2, 1.12.27
44. Sogn & Fjordane 2, 2.26.03
14 lag fekk ikkje godkjent, mellom desse Møre & Romsdal og Sogn & Fjordane 1.
2 lag braut stafetten.
For at eit lag skal få godkjend tid i mål, må alle løparane på laget finne alle postar i rett rekkefylgje. Dersom ein av dei fire på laget feilar, feilar heile laget – enkelt og greitt. Vi kan røpe at Mikkel hadde best etappetid på Møre og Romsdal sitt lag.
NB! Fotoet vedlagt saka er ikkje henta frå stafetten, men frå sprinten som vart arrangert i helga
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

VIL-troppen til Stranda Fjord Trail Race
07.08.2025

Saknar Alexander Isak fotballaget VRF…?
06.08.2025
FØRJULSMESSE VELLEDALEN NOVEMBER 2025
05.08.2025

MIKKEL STERK I UNGDOMS-NM I ORIENTERING
04.08.2025

NESHEIM-TVILLINGANE I JOTUNHEIMEN
03.08.2025