Klipp frå 1998: Ei omdiskutert sak

Postet av Atle Jomar Hole den 18. Des 2025

Som nok handla meir om økonomi enn idrett.

 

Dagens presseklipp er henta frå Sykkylvsbladet i november 1998 og Ole Jostein Fet sin velformulerte «penn». I ingressen står det at: «Bakgrunnen for vedtaket er at idrettslaget i dag ikkje har aktive konkurranseløparar på ski».

 

Og då kjende noverande skigruppeleiar i Velledalen IL seg trakka på. Saman med noverande nestleiar i Velledalen IL gjekk han nemleg Birkebeinerrennet i 1998 – og truleg fleire andre renn. Ikkje berre greidde begge merkekravet, men begge gjekk så bra at dei fekk Birkebeinerrennet sin pokal (som ein viss prosent av dei beste fekk den gongen). Men dei vart altså ikkje rekna som «aktive konkurranseløparar» av Velledalen IL sitt hovudstyret.

 

Det høyrer med til soga at utmeldinga vart kortvarig, og har heller ikkje vore aktuelt tema seinare. Og skigruppeleiaren går framleis «Birken». Han nærmar seg jubileum og har berre Bert Wilhelmsen føre seg på lista over sunnmøringar som har delteke flest gonger på strekninga Rena-Lillehammer eller omvendt, som det var annakvart år i tidlegare tider.

 

Moralen må bli: Det finst «blemmer» som fører noko godt med seg!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.