Ny stor julegåve til Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Des 2025
Terreng-ultraløparen, Harald Ringdal, innmeld og påmeld til Oslo-Bergen Trail 2027
Det er mest ikkje til å tru, men faktum er at Velledalen IL i 2027 har fått med to deltakarar under det kring 500 km lange terreng-ultraløpet Oslo-Bergen Trail. Begge utøvarane er i slutten av 40 -åra, og begge har førenamn på H.
HARALD RINGDAL, VELLEDALEN IL/@veien_til_bergen/Fysio 4: Vi veit langt frå alt vi burde vite om han, men han voks opp i Sykkylven, og har familie her enno. Sjølv bur han truleg i Drammen-området sidan det står Drammen bak påmeldinga til Stranda Fjord Trail Run, der han er påmeld på distansen over 95 km sommaren 2026. Han deltok under OSLO-BERGEN TRAIL i 2025, der han kom inn til ein oppsiktsvekkjande fin 35.plass. Då sprang han for «Fysio 4», som truleg betyr at han er fysioterapeut av yrke (heilt sikkert nyttig i eit slikt løp). Han er svoger av Frode Linga, ein kjend mann i Velledalen, sidan Frode syslar saman med søster til Harald. Ho heiter Astrid og var ein dugande fotball-spelar i yngre år.
Og det må nemnast at Harald då vert onkel til Sigurd Linga. Beste tenåring under Konradløpet i 2025 med tida 17.31. Sigurd spring godt både i flatt lende og i oppoverbakkar. I tillegg har han talent for idrettane orientering og fotball. Går alt etter planen har Sigurd ein etappe på Velledalen IL sitt lag under ungdoms-NM i orientering sommaren 2026.
HILMAR KRÅKENES, VELLEDALEN IL: Den andre VIL-utøvaren som har kome seg inn på deltakarlista for 2027 er Hilmar frå Deknepollen. Han debuterte under OSLO-BERGEN TRAIL i 2025. Og sjølv om han måtte stå av ved Krækkja, på grunn av ymse problem som balla på seg utover i løpet, er han svolten på meir. Elles å seie om Hilmar er at han i 2024 fekk pris på Velledalen IL sin Idrettsgalla; som den utøvaren som hadde sprunge lengst for Velledalen IL i 2024. Mellom anna fem heilmaraton – alle under tre timar. Ei øving der han dessutan vart KM-vinnar for Møre og Romsdal på Hareid. I 2025 har han to halvmaraton (framleis under 3 timar), han braut OSLO-BERGEN TRAIL kring halvegs, i tillegg til at han har hatt suksess i nyvinningen Backyard Ultra. To slike løp (Åndalsnes og Volda), kvar på drygt 80 km tok han på slutten av sesongen (begge gav 2.plass). Og han fullførte Stranda Fjord Trail sin 48 km, berre nokre veker etter han stod av OSLO-BERGEN TRAIL ved Krækkja.
NYTTE AV KVARANDRE: Sidan dei to jamgamle karane begge har brei erfaring, men på litt ulike felt, kan dei truleg dra nytte av kvarandre. HILMAR er ganske fersk som terreng-løpar og kan heilt sikkert få tips av Harald som har meir erfaring. Uansett; modige karar som gir seg i kast med slikt. Somme lurer sikkert på: ja kva kostar denne veka då – 1.-10.juli 2027? Nettsida har inga peiling på alle utgifter, men startkontingenten åleine er 10 700 kroner – ja, du las truleg rett: titusensjuhundre kroner.
Andre påmelde frå Møre og Romsdal:
Odd Edøy, Sunndal Friidrett
Espen Avset Fredriksen, Averøy Løpeklubb.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Låge prisar på VIL-klede
19.12.2025
Klipp frå 1998: Ei omdiskutert sak
18.12.2025
Marita med årsbeste i Ålesund
17.12.2025