Ålesund Nyttårsmaraton: Meldt prima forhold!
Postet av Atle Jomar Hole den 20. Des 2025
Arkivfoto
Yr sitt langtidsvarsel for 28.desember er no klart – gode løpsforhold!
Yr-meldinga for Spjelkavik sundag 28.desember – dagen for Ålesund Nyttårsmaraton - er som fylgjer:
- Vind fire meter per sekund frå nordvest om morgonen, dreiande til sørvest av same styrke utpå dagen.
- Temperatur 4-5 plussgrader. Opphaldsvêr fram til klokka 13.00, litt regn etter det.
- Ingen nedbør i form av regn eller snø i dagane før løpet.
Betre kunne det knapt få blitt i slutten av desember!
STARTKONTINGENTAR OG START-TIDSPUNKT ULIKE DISTANSAR:
250 kr: 5 km utan tidtaking – start når ein vil frå klokka 10.00
300 kr: Familie 5 km utan tidtaking – start når ein vil frå klokka 10.00
350 kr: 5 km med tidtaking – start klokka 14.00
400 kr: 10 km med tidtaking – start klokka 13.00
500 kr: Halvmaraton – start klokka 12.00
550 kr : Heilmaraton – start klokka 10.00
Laurdag 20.desember klokka 09.00 hadde 137 deltakarar meldt seg på. Sju av desse frå Velledalen IL
Held dagens langtidsvarsel vert sannsynleg deltakartal 300+
Påmelding gjennom EQ-timing
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ny stor julegåve til Velledalen IL
19.12.2025
Låge prisar på VIL-klede
19.12.2025
Klipp frå 1998: Ei omdiskutert sak
18.12.2025